top of page
Heim: Pro Gallery
IMG_1771.JPEG

OPEDALSTUNET

På Lofthus

Opedalstunet er ein fruktgard som ligg vakkert til like ovanfor sentrum på Lofthus.

Heim: Welcome
IMG_7077.jpg

OPEDALSTUNET

Opedalstunet er ein fruktgard som ligg vakkert til like ovanfor sentrum på Lofthus. Her vidarefører me lange tradisjonar innan fruktdyrking.

I dag er det Guro Grønsnes og Erland Opedal som driv garden, med god hjelp av sønene Heine, Gaute og Anve.

På garden produserer me i hovudsak eple, plommer og pærer til konsum. Me har også ein produktiv skog med fjelledelgran.

Me har driftsbygning i tunet der me i kjellaren har produksjonslokale for eplesider- og most. I andre etasje har me butikk, gardskjøkken og selskapslokale, og det er inngang på baksida av bygget.  

 I butikken sel me sider, most, syltetøy og hermetisk frukt. Det er også eit varierande utval av småkaker. 

Me tilbyr sidersmaking og enkel matsevering. 

I sesong (fra mai-september) er opningstider i butikken

 mandag-fredag 12.00-19.00 og laurdag 11.00-18.00.

Viss de ikkje ser oss i tunet så kan de ringe

90154319 eller 95023948, så kjem me på kort varsel.

Viss de vil handle utanom sesongen kan de ta kontakt og avtale besøk.

Me har god plass til parkering av bilar i tunet.

Ta kontakt ved interresse, 

og velkomne til gards!

Heim: About Us

KONTAKT OSS

Opedalsvegen 10
5781 Lofthus

+47 901 54 319

IMG_1411_edited.jpg
Heim: Contact
bottom of page